ulskebjørnen og grønetuva 22.4.2001
Søndagstur i etterkvart flott ver. Gjekk frå hybelen via Stemmemyren og delvis Eidsvågfjellet før kursen vart sett mot Jordalen. Opp til Stallane og vidare til topps på Ulskebjørnen (443 moh) der det var flott utsyn mot Eidsvåg. Frå Vikinghytten byrja snøen å melde seg og frå Grønetuva (642 moh) til Turnerhytten var det mogleg å gå på ski. Dei fleste eg traff kom likevel til fots (snøen forsvann nok ikkje mange dagane etter slik som veret var(t)). Etter ein god kopp saft på Turnerhytten gjekk kursen mot Baunehytten før eg tok turen ut på Landåsfjellet for å nyte utsynet mot Bergensdalen. Nedatt gjekk eg via Nattland og stavkyrkja på Fantoft, før eg på Paradis kunne hoppe på bussen heimatt etter seks og ein halv time til fots.
Kart: Turkart Bergen (1:25 000)
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Stemmemyren, Hatleberg studentheim og NHH |
|
Utsyn mot Bergen |
|
Ulskebjørnen midt i biletet |
|
Jordalen og Jordalsskaret |
|
Eidsvåg sett frå Ulskebjørnen |
|
Vikinghytten, Gullfjellet (987 moh) kan skimtast bak til venstre |
|
Mot Ulriken frå Grønetuva |
|
Svartediket |
|
Turnerhytten |
|
Bergensdalen i flott ver |
|
Baunehytten |
|
Frå Landåsfjellet mot Bergen sentrum |
|
Fantoft stavkyrkje |
|