storsåta og rundemanen 19. november 2001
Veret var for fint til at eg kunne sitje inne og lese til eksamen, dermed på med fjellskoa og ut. Over fjellet til Eidsvåg og til Rolland før det gjekk oppover via Storsåta, Gråbeinryggen, Vinddalsegga og ut Vardegga til Vikinghytten. Frå Vikinghytten via Rundemanen, Rundemansveien og Munkebotn til hybelen i Ytre Sandviken. Litt over sju rolege timar ein nydeleg novemberdag i Bergen.
Kart: Turkart Bergen (1:25.000)
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Orretuva reiser seg over Langevatnet |
|
Åsane med Høgstefjellet og Veten i bakgrunnen |
|
Utsyn nordaustover mot dei snøkledde fjella i Stølsheimen |
|
Sørfjorden og nokre smådalar var skoddelagd denne dagen |
|
Fyrste delen av turen er synleg på dette biletet, blant anna Storsåta, Gråbeinryggen og Vinddalsegga |
|
Kveldssol på Bergensvidden mellom Ulriken og Fløyen |
|
Kveld på Byfjorden |
|