fristadfjellet 12. juni 2005
Formen var ikkje heilt på topp då me byrja på denne føremiddagsturen ein fin, men vindfull søndag i Askvoll. Bilturen frå Norddalsfjorden hadde, i kombinasjon med avislesing og ein meget sukkerhaldig frukost, for ein gongs skuld gjeve meg noko uvel mage.
Heldigvis var det flatt dei første minuttane og frisk luft er no uansett alltid godt i slike høve. Terrenget var skog og kratt og me hamna etterkvart utanfor oppgådde stiar for å kome på austsida av dalføret. Det medførte litt krattøydelegging før me fekk ei småbratt oppstigning. Siste biten til topps var noko flatare.
Utsynet var superb, med Florabassenget i nord, Atløy i vest, Dalsfjorden i aust og Fjaler og Hyllestad i sør. Lihesten (Gygrekjeften) som me var på eit år tidlegare var karakteristisk og lett å kjenne att sør om fjorden. Vinden gjorde det relativt kaldt og me trekte oss, etter å ha prøvesmakt maten, difor ned i terrenget før det vart nok ein liten matbit og ein klatretur i ei bjørk. Vidare nedatt følgde me den vanlege stien og så var ei flott helg i ferd med å ta slutt.
Kart: 1117 IV - Askvoll
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Framover Askdalen |
|
Kyrkja og ferjekaia i Askvoll |
|
Askvatnet (314 moh) som ligg mellom Hjartåsen og Steinheia med øya Skorpa utanfor Florø i bakgrunnen |
|
Dalsfjorden med Dale midt i biletet |
|
Gygrekjeften (710 moh) |
|
Vilnesfjorden med Lihesten i bakgrunnen |
|
Ferja frå Værlandet på veg innover fjorden med bygda Grov i framkant av biletet |
|
Framover Askdalen mot Askvatnet |
|
Blåfjellet (533 moh) |
|