sunnivahornet og skongenes fyr 11.-12. mars 2006
Fin, men tung start på fottursesongen denne helga. Laurdagen vart først nytta til tur på Sunnivahornet som er høgste fjellet i Vågsøy før me gjekk ut til Skongenes fyr og overnatta der.
Turen på Sunnivahornet frå Allmenningen var tung grunna nysnø som hadde samla seg i søkka og på platået mot toppen, men sidan veret var strålande og utsynet likeeins vart det ei flott oppleving. Frå toppen kunne me mellom anna sjå Hornelen, Stadlandet, innover Nordfjorden og Hanekammen. Turen ned att var sjølvsagt praktfull, spora var opptrakka og det er no slik at det går lettare ned enn opp.
Etter litt arbeid med å få tak i nøkkelen til fyret køyrde me vidare ut forbi Raudeberg til Sæter. Spaserturen ut til fyret vart noko småstrabasiøs i nysnøen. Sola var på veg ned og me ville gjerne fram før det vart mørkt. Me brukte ein time på turen, inkludert litt fotoknipsing av storhavet og vindmøllene på Mehuken.
Søndagen vart nytta til restituering. Roleg tur attende til bilen og synfaring til Oppedal der me vitja Kannesteinen. Så bar det heimover etter ei fin helg.
Kart: 1118 I - Måløy og 1019 II - Stad
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
I Austadalen |
|
På veg oppover mot Setrevatnet |
|
Stig O. studerer utsynet mot Nordfjorden |
|
... og her det nemnde utsynet |
|
Utsyn nordover frå Sunnivahornet (689 moh). Øya Barmen er midt biletet, bakanfor øya ser me Stadlandet med tettstaden Selje til høgre |
|
Selje |
|
Mot Sildegapet med Skongenes på venstre side og Stadlandet på høgre side. Øya Silda midt i biletet |
|
Innover Nordfjorden |
|
På veg nedatt i godveret |
|
Snøtrasking med Hornelen (860 moh) i bakgrunnen |
|
Vandring ved myrane før Setrevatnet |
|
Stadlandet i kveldslys |
|
Mot storhavet i skumringa |
|
Vindmøllene på Mehuken |
|
Skongenes fyr |
|
Overnattingstilbodet til Ytre Nordfjord Turlag |
|
Fyrstaden med Stadlandet i bakgrunnen |
|
Mehuken med Kråkenes til høgre |
|
Eit siste utsyn mot storhavet, fyret og Stadlandet |
|
På veg tilbake til Sæter og bilen |
|
Kannesteinen i Oppedal |
|