melderskin og baroniet 14.-16. september 2001
Langhelg med overnatting i lavvo i Rosendal. Me var ni stykkjer frå Fjellgruppa ved Norges Handelshøyskole (NHH).
Fredagen vart berre nytta til troppeforflytting og oppsetjing av basecamp i Rosendal. Dermed var alt klart for ei flott helg i flotte omgjevnader. Laurdagen var sett av som o store toppturdag, noko det sjølvsagt vart. Melderskin (1426 moh) gjev eit vanvittig utsyn i alle himmelretningar, blant anna kan du sjå Folgefonna, Ulvanosi og Hardangerfjorden på kloss hald. Turen opp går berre oppover, men stien er grei å finne (T-merka) og det går eigentleg fort opp:-).
Sundagen vart meir ein kviledag, bussen gjekk slik passe tidleg på ettermiddagen, dermed vart det tid til ein liten tur. Me byrja med å ta Hattebergfossen i nærsyn før me spaserte ned til det mykje omtala baroniet. Her var det masse fint å sjå. Og så var det ein lang busstur der me fekk oss litt svevn før me avslutta med ein felles middag på Pastasentralen i Bergen.
Kart: 1214 I - Kvinnherad og 1215 II - Varaldsøy. Turkart Folgefonna - Hardangerfjorden 1:100.000 kan òg nyttast
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Rosendal og Hardangerfjorden |
|
Den grøderike Muradalen |
|
Det siste stykkjet mot toppen er lite spanande turterreng |
|
Frå Melderskin mot Bjørndalstindane |
|
Juklavasskruna (1434 moh) med Folgefonna bakom |
|
Malmangersnuten (872 moh). I bakgrunnen ser du Ulvanosi (1246 moh) |
|
Nok ein gong det nydelege utsynet mot Rosendal, omkransande bygder og Hardangerfjorden |
|
Melderskinmassivet til venstre (toppen er ikkje synleg) og Laurdalstind (1307 moh) til høgre |
|
Malmangersnuten tek seg flott ut frå Hestasletto der me overnatta |
|
Hattebergfossen (iallfall noko av han) |
|
Baroniet i Rosendal |
|