ringedalsvatnet og buerbreen 13.-15. september 2002

Eg ville vitje Trolltunga, TK ville på Buerbreen, og dermed var opplegget klart for helga.

13. september: Skjeggedal - Reinaskorbu
Avreise frå Sandviken vart ikkje før 1240 grunna førelesingar, dermed var me ikkje framme i Skjeggedal før 1630. Litt seint med tanke på at turen er estimert til fire-fem timar gangtid, men det gjekk bra. Den fyrste halvanna timen var noko keisam, men frå Trombeskar opna utsynet seg mot Ringedalsvatnet og området rundt. Ringedalsvatnet er regulert, blant anna er Tyssestrengene (fossefall på 300 høgdemeter) borte vekk grunna reguleringa. Trass dette er det vanvittig moro å gå her då fjellsida ned mot vatnet for det meste er stupbratt. Reinaskorbu vart nådd i tide og me hadde alt fått eit storarta inntrykk av området.

14. september: Reinaskorbu - Mosdalsbu
Dagen byrja med mitt høgdepunkt på turen, ei vitjing av Trolltunga (sjå bilete nedanfor) som ligg fem minutt frå Reinaskorbu. Høgt ned var det, det er no sikkert:-). Då det ikkje var vatn i Tyssestrengene var det berre å hive på seg sekkene og sikte på Mosdalsbu. Stien dit skal ifylgje nye kart vere merka, det var den ikkje. Det vil seie, litt merking her og der er ikkje godt nok i dette området i dårleg ver. Me hadde ingen vanskar med å finne fram, men det skuldast fint ver og innteikna sti på kartet. Ved Nibbenut mista me totalt merkinga, men det medførte berre at me tok turen oppom toppen, noko som ga oss eit flott utsyn. Deretter gjekk turen forbi damanlegga ved Nibbehylen og Langavatnet til Einseten (1446 moh) som ga oss eit praktfullt utsyn mot Hardangervidda og Folgefonna. På Hardangervidda var det blant anna mogleg å sjå Hårteigen (1691 moh) og Store Grananutane (1613 moh). Med avslutninga ned til Mosdalsbu frå Einseten vart det dryge sju timar med sekk på ryggen i kupert terreng.

15. september, del 1: Mosdalsbu - Skjeggedal
Ein time rask gange ned til bilen alt for tidleg ein sundags morgon (zzzzzzzzzz), vart likevel klart slegne av sauesankarane.

15. september, del 2: Buer - Buerbreen t/r
Flott tur til/på Øvre Buerbreen. Det er alltid moro å traske rundt på måfå på bre og berre nyte inntrykka.

Kart: 1315 II - Ringedalsvatnet og 1315 III - Odda

Ringedalsvatnet: Buerbreen:
               

bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Den karakteristiske Reinanuten. Reinaskorbu er på den vetle flata (om lag midt i biletet) nedanfor toppen
Kveldssola lyser opp ved Reinanuten, Trolltunga er midt i biletet
Trolltunga, eg torde ikkje å setje meg på kanten... (angra meg resten av turen)
Langevatnet
Utsyn frå Nibbenut mot Ringedalsvatnet og Folgefonna
Ringedalsvatnet og Skjeggedal sett frå Einseten
Nordaustover på Hardangervidda frå Einseten, den karakteristiske hatten på Hårteigen kan sjåast noko til høgre på biletet
Buerbreen sett nede frå dalen (Øvre til høgre, medan Nedre skjuler seg i søkket på venstre side)
Nedre Buerbreen
Eit taulag på Øvre Buerbreen
Nokon som ville hoppe i det?
Utsyn ned mot Buerdalen
Eit sprekkområde på Øvre Buerbreen
Nedre Buerbreen