fuglesteg 29. mai 2005
Fin tur til steinstova på Fuglesteg. Skulle eigentleg på skitur på Smørstabben, men veret var ikkje det beste. Hadde aldri vore på Fuglesteg (eller Furåsen for den saks skuld) tidlegare, så det vart absolutt ein god substitutt-tur. Sjølv om det vart mange av dei denne våren (mai vart jammen ein elendig månad i år).
Fuglesteg er ein fråflytta gard som ligg høgt og luftig over Fortun. Det vart nokre høgdemeter opp dit og enda fleire då me tok turen oppom Furåsen på veg nedatt.
Kart: 1417 I - Lustrafjorden
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Steinstova på Fuglesteg |
|
Steinstova |
|
Utsyn mot Eidsvatnet, Skjolden og Lustrafjorden |
|
På veg ned frå Fuglesteg til Vetlåsen |
|
Furåsen |
|
Fuglesteg sett frå vegen til Furåsen |
|