hjelle - skogadalsbøen - turtagrø 23.-24. august 2001
Todagars tur i Vest-Jotunheimen før skulestart. Litt uvante vegval båe dagar, fyrste dagen via Hjelledalen og Morkaskardet, andre dagen via Styggedalen
Dag 1: Hjelle - Hjelledalen - Skogadalsbøen
Passe tidleg opp, bil til Turtagrø og buss til Hjelle. Så var eg og Stig Omar klar for ein flott tur. Veret var heilt greitt, skya, men regnet såg ut til å halde seg vekke. Då me hadde gått om Vetti til Vettismorki tidlegare, hadde me bestemt oss for å gå via Hjelledalen denne gongen. Det er ein lengre tur, men nye stader er alltid like kjekt.
Det byrja rett nok tungt med ein bratt motbakke attmed Hjellefossen, men utsynet nedover dalen kompenserte bra. I heimre Hjelledalen var det på tide med ein liten pause, det same vart det i fremste Hjelledalen. På veg opp til Øytjørn hadde me flott overblikk over Hjelledalen, før me gjekk mot Morkaskardet. Dette vart vel eigentleg høgdepunktet på turen, her er det panoramautsyn til Hurrungane og Vettismorki. Det er ikkje så mykje ein kan skildre med ord, så her er det berre å ta føtne fatt og kome seg opp dit sjølv. Ned mot Morki var det litt myrete, men nokre kloppar fekk oss over det verste.
Frå Morki gjekk det så oppover att, fyrst til den særprega Fleskedalen, seinare oppunder Friken. Toppen vart ikkje vitja grunna lågt skydekke i Hurrungane, men me skimta Storen (Store Skagastølstind) såvidt det var. Siste stykkjet til Sogadalsbøen vart me innhenta av ei lita regnbyge, men det gjorde ingenting. Me brukte vel nærare åtte timar totalt med pausar. På Skogadalsbøen var det som vanleg veldig kjekt, middagen smakte og me fekk nokre tips om turar i nærområdet (har som mål å gå "alt" i Utladalen, dermed må gamle stiar finnast).
Dag 2: Skogadalsbøen - Styggedalen - Turtagrø
Veret var fint denne dagen, noko som var eit lite handikap der me sleit oss opp til Jervvatnet med sola i nakken. Før det hadde me hatt eit flott skue framover Storutladalen mot Kyrkja. Frå Jervvatnet følgde me den gamle vegen om Styggedalen, den er godt varda, i tillegg er det noko gamal T-merking her og der. Uansett er det lett å finne fram om du har kart, det er berre å fylgje vatna. Ulempa med denne vegen er at det er svært mykje ur, alt for mykje for somme vil eg tru. Diverre var Styggedals-og Skagastølsryggane vekke i skodda, den einaste toppen me såg var Nordlege Skagastølstind. Styggedalsbreen vart passert og så var det berre å rusle nedover grusvegen i Helgedalen til Turtagrø. Ein litt kjip avslutning på ein elles fin tur.
Kart: 1517 IV - Hurrungane, evt. turkart Jotunheimen Vest
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Hjelle gard |
|
Avdalen og vårstølen på andre sida av dalen |
|
Heimover Utladalen mot Øvre Årdal |
|
Heimre Hjelledalen |
|
Fremre Hjelledalen |
|
Hjelledalen |
|
Fantastisk utsyn mot Hurrungane og Vettismorki frå Morkaskardet |
|
Vettismorki. Austre Ringstinden (2002 moh) stikk opp i bakgrunnen |
|
Stølen i Fleskedalen |
|
Midtmaradalen omkrinsa av høge tindar |
|
Fleskedalen |
|
Stølsnostinden (2074 moh) |
|
Frå Friken framover Utladalen |
|
Maradalen og Maradalsbreen |
|
Skogadalsbøen |
|
Storutladalen, i bakgrunnen kan du skimte Kyrkja (2032 moh) |
|
Jervvassbreen heng ned frå Styggedalsryggen som ligg i skodde |
|
Vatna fremst i Styggedalen |
|
Styggedalsbreen, til høgre er Nordlege Skagastølstinden (2167 moh) |
|
Helgedalen |
|