memurubu - gjendesheim (besseggen) 13. august 2005
DNT skulle markere Friluftslivets År og eg og Per skulle vere turleiarar for ein tur på Surtningssui. Av ymse årsaker rann dette ut i sanden og eg tok turen over Besseggen istadenfor. Her var det meir folksamt enn vanleg, noko som skuldast kombinasjonen laurdag, greitt ver og DNT-markeringa. Etter turen vart det kulturelt nede ved Gjendeosen med lokal underhaldning og Toralv Maurstad som/om Peer Gynt.
Kart: 1617 IV - Gjende og 1618 III Glittertinden
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Ved Hesttjønne (1473 moh) med Raudhamran (1893 moh) i bakgrunnen |
|
Søre Surtningssui (2130 moh) kan såvidt skimtast i skodda på venstre sida av dalen som ligg nedanfor sørtoppen (2302 moh) på Surtningssui |
|
Utsyn austover med Gjende (984 moh) nede til høgre |
|
Tjønnholstinden og Nørdre Tjønnholet |
|
Store (2341 moh), Midtre (2170 moh) og Nørdre (2185 moh) Knutsholstinden og Knutseggi med dei karakteristiske nålene |
|
Nålene, med søre (2055 moh) som er den høgste nesten midt i biletet |
|
Nært på Tjønnholstinden og Nørdre Tjønnholet |
|
Nedre Russglopet og Russvatnet (1175 moh) |
|
Mot Besseggen og Veslfjellet (1722 moh), Gjendesheim kan skimast i austenden av Gjende |
|
Den imponerande Knutshøe (1517 moh) med Øvre Leirungen (1033 moh) på høgre side |
|
Mot Besseggen |
|
Besseggen. Det er noko vertikalt på høgre side av Bandet og eggen... |
|
Ved Bandet mot Besseggen |
|
Vestover Gjende med Gjendebu i fremste enden av vatnet |
|
Klyving i "verste" kneika på Besseggen |
|
Mykje folk som har teke utfordringa denne dagen |
|
Frå toppen av Besseggen mot bregrøne Gjende og blå Bessvatnet (1373 moh) |
|
På Veslfjellet |
|
Mot Rondane. Rondslottet (2178 moh) og Storronden (2138 moh) er dei to høge toppane |
|
Utsyn mot Heimdalshøe (1843 moh) på austsida av rv 51 |
|