luster - hersete - kinnfok - børestein - luster 18. juni 2001
Det var lite snø i fjellet i vinter og dermed var smeltingi kome langt. Dette gjorde det mogleg med ein fottur til Kinnfok (1406 moh) så tidleg på sommaren. Ruta vart som fylgjer: Luster - Berge - Hersete - Kinnfok - Fjøsnenosi - Børestein - Berge - Luster. Dei siste metrane opp til Kinnfok vart det litt snøtrakking, frå Kinnfok til Fjøsnenosi var det noko meir, men ikkje noko å klaga over. Veret var fint så eg storkosa meg heile dagen og brukte åtte timar.
Kart: 1417 I - Lustrafjorden
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Heimover dalen mot bygdi |
|
Dalbotnen med blant anna Tubbene og Øygarden |
|
Jagershaug (1392) og Fivlenosi (1466), Hersete nede til høgre |
|
Skjolden |
|
Luster og Lustrafjorden |
|