kolstad - hersete - børestein - luster 10. april 2001
Tidleg opp til å vere ferie denne dagen, men det var nok fornuftig då snøen rotna etterkvart som sola tok tak. Føret var relativt hardt heile vegen til Børestein. Ruta var stort sett sommarstien via Ilaget og Hersete med nokre naudsynte unntak/snøggvegar. Veret var brukbart med ein del sol. Ned frå Børestein gjekk turen utan ski, bortsett frå enkelte stader der det var mogleg med nokre stavtak. Eg brukte nærare ein time til Ferestad frå Børesteinen, sommarstid går denne biten unna på tjue minutt... Tidsbruken no skuldast sjølvsagt den rotne snøen. Likevel var det ein fin tur som tok noko over fem timar med pausar.
Kart: 1417 I - Lustrafjorden
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Frå Ilaget mot Lø og Hornane |
|
Hornane |
|
Fremste Dalsdalen, Kattøyro (1411) og Hersete |
|
Jagershaug (1392) og Fivlenosi (1466) |
|
Vest-Jotunheimen med Steindalsnosi (2025), Fanaråken (2068) Store Skagastølstinden (2403) og Store Austanbotntinden (2204) |
|
Børesteinen med Lustrabygdi og -fjorden nedanfor |
|