hyttevakt på kongshelleren 19.-27. mars 2005
Første vakta mi på to år. Veldig kjekt, hadde slik passe med overnattande. Rett nok ingen første natta, men det tok seg bra opp. To netter med 100% overbooking! Det var eigentleg godt at det ikkje var andre overnattande første natta, eg var nemleg rimeleg utkøyrt etter mykje arbeid den siste tida. Sovna kl ni og stod opp tolv timar seinare, du verden kor godt det gjorde:-). Veret denne påska var rimeleg bra, men på langt nær slik som i draumepåska for to år sidan.
Eg hadde store planar for dagsturane i år, men det viste seg at det var folk forbi det meste av dagen. Det vart difor med ein grei 2-3 timars luftetur sånn frå kl 10-11, alt etter kor kjapt hytta vart tømt for overnattande. Hadde håp om å sjå villrein når eg først var i egnen, men det vart med nokre spor her og der.
Kart: 1416 I - Aurlandsdalen og 1416 II - Hardangerjøkulen (for ruta rv 50 Geiteryggen vest - Kongshelleren).
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
På veg over Vestre Volavatnet (1465 moh) i skodda |
|
Godver ved Kongshelleren |
|
Utsyn austover mot hytta og Vestre Volavatnet frå Kongshellernuten |
|
Skorpetinden (1705 moh) |
|
Hyttene med Kongshellernuten (1598 moh) i bakgrunnen |
|
Utsyn nedover Vestre Iungsdalen |
|
Vestover mot Volavatni |
|
Kvisteløype over Vestre Volavatnet med Kongshellernuten i bakgrunnen |
|