bleia 24. juli 2005
Knalldag og endeleg tur til Bleia. Fjellet eg har sett x-tal gonger frå vegen mellom Kaupanger og Mannheller. Avgang frå vegen kl 9.20 med ein fin start oppover til Vardahaug, ein støl som ligg på 1100 moh. Her vart det tid til ein drikkepause, medan eg såg på fjella på austsida av dalføret der eg gjekk helga i førvegen på fellestur med Bergen turlag.
Vidare frå stølen bar det over bandet mot Vindedalen og eg såg Bleia for andre gong denne dagen. Den første var sjølvsagt frå vegen. Konstaterte at det heldigvis ikkje var så hakkande mykje snø som frykta, eigentleg såg det høvesvis fint ut. Mot nordaust, over Vindedalen, kunne eg elles nyte utsynet mot Jostedalsbreen og Lodalskåpa. Ei fin avveksling frå den grå steinen og den kvite snøen.
Eg har dei siste åra fått ein liten aversjon mot det å gå ned for så å gå opp att dersom det kan unngåast. Difor prøvde eg å halde høgda under Store Grånosi istadenfor å gå ned i dalen via vatnet på knappe tusen høgdemeter. Det vart mykje snøgåing med denne varianten, men eg kom no frå det med livet og æra i behold.
Då eg no var marginalt nærare søraustryggen enn sørryggen fall vegvalet mot toppen på førstnemnde. Det var greitt å gå, rett nok var det eit godt stykkje på snø, men han bar godt. Toppen var ikkje så mykje å skryte av med ein halvveges samanrast varde, men utsynet var superb. Blåskavlen, Gaularfjellet, Jostedalsbreen med Lodalskåpa, Breheimen og Hurrungane var lette å peike ut.
Rundt toppen er det relativt flatt, men då eg tok turen ut til nordsida av platået vart det snøgt meir luftig. På tre km i luftlinje er det 2550 høgdemeter i skilnad, frå 1700 moh til 850 muh. Ikkje att eg såg fjordbotnen frå fjellet, men slikt har ein kart til. Her var det eit formidabelt utsyn ned til fjorden og mot Storehogen og Kaupanger.
Så var det tid for nedturen mot Frønningen. Eg tok strakaste veg, noko som medførte 800 høgdemeter i ur. Dette var slitsomt, men det gjorde berre at det var veldig herleg då eg endeleg kom under skoggrensa og til Slumpen. Dette vatnet renn faktisk både vestover og nordover, men eg var så sliten då eg kom dit at dette først vart oppdaga då eg såg på kartet etter turen.
Eg hadde no oppdaga at eg kunne rekkje ei ferje som gjekk tidlegare enn den eg eigentleg hadde planlagt å reise med. Tempoet vart deretter. Frå Slumpen tok eg kortaste veg mot Frønningsvotni. Diverre las eg litt feil på høgdekotane på kartet og det vart noko strabasiøst i bratt terreng.
Vel nedkomen på vegen ved vatni oppdaga eg så at eg plutseleg ikkje hadde dekning på mobilen lengre. Dette var litt krise sidan ferjestopp i Frønningen sommarstid i teorien skal tingast minst to timar før ankomst. Rask marsj måtte dermed til, både for å få ringt og for i det heile teke å nå ferja.
For å unngå omvegen via Åsen følgde eg heller eit slags trakk langs elva nedover til eg traff vegen att ein kilometer seinare. Litt seinare fekk eg kontakt med ferja (ein time før avgang) og dei kunne gjerne stoppe så lenge eg ikkje hadde med bil. Ingen fare for det var svaret;-). På Nyborg fekk eg litt guiding så eg fann gamlevegen ned langs elva, alternativet var 7-8 kilometer på grusveg og ingen ferje på nokre timar.
Det gjekk kjapt ned langs gamlevegen og sidan ferja var noko forseinka fekk eg heldigvis litt tid til ein vask før eg spaserte ut på ferjelemmen og inn på ferja. Det gjorde pinadeg godt med ei Fanta i handa på ferjedekket med utsyn til Bleia og Frønningen:-D.
Tidsbruk:
Brua - Bleia: 2 t 45 min
Bleia - ferjekaia: 3 t 45 min
Heile turen: 6 t 30 min
Kart: 1417 III - Sogndal
bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)
|
Stølen Vardahaug |
|
Mot Storehovden (det skogkledde partiet nærast, 1037 moh). I det heilt fjerne kan Jotunheimen skimtast |
|
På bandet mellom Vindedalen og Erdalen. Jostedalsbreen med Lodalskåpa (2082 moh) og Brenibba (2017 moh) stikk opp i bakgrunnen, medan Vangsen (1757 moh) kan sjåast litt til høgre i biletet |
|
Brenibba og Lodalskåpa |
|
Vangsen og Grånosi (1698 moh) |
|
Bleia (1717 moh) sett frå søraust |
|
Utsyn nedover Vindedalen, med Hurrungane i bakgrunnen |
|
Utsyn mot Blåskavlen (1809 moh) |
|
Utsyn tilbake mot første del av ruta, i bakgrunnen ser me Borhøgdi (1644 moh) som eg passerte helga i førvegen |
|
Toppvarden på Bleia med utsyn til Breheimen |
|
Topp-punktet på Bleia sett frå nord |
|
Lemeggi, med fjorden og Amlabukti i bakgrunnen |
|
Utsyn vestover med den skogkledde Frønningengrenda nærast |
|
Storehogen (1169 moh) |
|
Litt nærare på masta på Storehogen |
|
Amlabukti nærast, medan me heilt i bakgrunnen kan sjå Spørteggbreen og Harbardsbreen |
|
Jostedalsbreen strekkjer seg ut i bakkant av biletet |
|
Nordaustover mot Hurrungane |
|
Leikanger med fjella over Sværefjorden i bakgrunnen |
|
Rivenoskulen (1943 moh) (til venstre i biletet), Harbardsbreen med Tverrådalskyrkja (2087 moh) og Tundradalskyrkja (1970 moh) (midt i biletet) og Holåbreen med Vestre (2039 moh) og Midtre Holåtinden (2047 moh) (til høgre i biletet) |
|
Harbardsbreen med Tverrådalskyrkja og Tundradalskyrkja |
|
Storebotnen. I bakgrunnen ser me Syrdalsbreen (1761 moh) til venstre, medan Nærøyfjorden og Nærøydalen skjer ned i terrenget lengre til høgre |
|
Utsyn ned til Frønningena |
|
Slumpen (855 moh), vestsida av Bleia i bakgrunnen |
|
Familieidyll |
|
Utsyn tilbake mot Bleia |
|
Ved sagi i Ytre Frønningen |
|
MF Fanaraaken på veg inn til kai i Ytre Frønningen |
|
Indre Frønningen med Bleia tronande over |
|
Bleia |
|